Hvor gammel ble dronning elizabeth
Elizabeth 2 wiki tieng viet...
Storbritannias dronning Elizabeth II er død
Dronning Elizabeth er død.
Dronning elizabeth død
Det bekreftar Buckingham Palace.
I den offisielle dødsbodskapen som blei slått opp ved Buckingham Palace etter dronning Elizabeths død, blir Charles og Camilla omtala som konge og dronning.
Ifølgje Sky News tar britanes nye konge namnet kong Charles III.
Det nye kongeparet blir verande på Balmoral slott i Skottland torsdag kveld.
Fredag reiser dei til London.
– Bortgangen til mi høgt elska mor er ei stor sorg for meg og familien min, heiter det i eit fråsegn frå den nye kongen Charles.
Flagget ved Buckingham Palace er senka.
Ved alle dei kongelege residensane blir det flagga på halv stong.
– Eit stort sjokk
Dronning Elizabeths siste offentlege oppdrag var å gi Liz Truss oppdraget med å danne ny regjering i Storbritannia tysdag. Seremonien blei for første gong gjennomført i Balmore, som er residensen til dronninga i Skottland.
Grunnen til at dette skjedde i Skottland var helsa til dronninga.